Send inn ditt arrangement her

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fotoutstilling

14. oktober, 2023 - 11:00

 

Hans Graedler var tannlege i Gausdal frå tidleg 60-tal til han vart pensjonist. Ei interesse ved sida av arbeidet som tannlege var fotografering. Han var medlem i Lillehammer kameraklubb (LKK) og vart utnemnd til æresmedlem der i 2011. Han deltok i mange konkurranse og både motiva hans og mørkeromsarbeidet vakte stor interesse i fotomiljøet.
Vi har montert omlag 60 fotografier som til saman syner det breie spekteret av motiv og den kreative bearbeidinga i mørkerommet. Utstillinga meiner vi bør vera interessant for alle som fotograferer i dag. Og det er vel alle (?)
Åpning av utstilling den 14. oktober kl 11.00 ved Bjørn Riise (LKK). Åpen kafé
Utstillinga kan elles sjåast den 15., 21., 22., 28. og 29. oktober. Alle desse dagane kl 13-17

Utstillinga har fått støtte frå Folkeakademiet i Gausdal.

- Annonse -
- Annonse -

Detaljer

  • Dato: 14. oktober, 2023
  • Tid
    11:00

Sted