- Annonse -

Send inn ditt arrangement her

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Retrospektiv utstilling

25. november, 2023 - 11:00 - 16:00

Ida Blekastad (f.1937) var ferdig med fire års utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1961 (diplomoppgave) . Etter det budde ho og mannen Ivar i København i fire år. I 1967 kom dei til Gausdal. Ho har opp gjennom åra vore representert på utstillingar både nasjonalt og lokalt. Gjennom fleire år leverte ho til Norway Design i Oslo. Ho har uttrykt ideane og skapargleda si på ulike måtar. På sekstitallet var det for det meste smykke. Etter kvart vart «repertoaret» utvida både med andre material og andre former. I dei seinare åra har Ida i Gausdal vorte kjend av «alle» som den som lagar dyr, nissar og fuglar i tova ull.

Ho har dessutan lagt ned eit stort arbeid i hagebruk til glede og nytte både for seg sjølv og andre.

Sigrid Blekastad (f.1974) – dotter til Ida og Ivar – er også representert på utstillinga. Ho er utdanna glaskunstnar med ein master i glasmåleri frå Universitetet i Edinburgh i 2012.

Opning ved ordførar Anette Musdalslien.

- Annonse -

Detaljer

Dato:
25. november, 2023
Tid
11:00 - 16:00

Sted

W Gamlebutikken
Østringsvegen 337 + Google-kart